Ku som kviler i lia framfor fjøset med fjell bak

Dyra på Svisdal

Kua

Vi har rundt 25 kyr på Svisdal. Dei går ute på beite om sommaren, og ein del av flokken er på seter på Inner Gammelsetra. Mjølka frå kyrne blir til Fjellmjølk i gardsmeieriet vårt.

ca. 25

kyr

Heile året

kalving

Inner Gammelsetra

seter om sommaren

Kyr på Svisdal

Mjølkekyrne våre

Mjølkeproduksjonen er hovuddrifta på garden. Vi har hovudsakleg kyr av rasen Norsk Raudt Fe (NRF), men også nokre Brown Swiss og Sidet Trønder- og Nordlandsfe (STN). Dei ulike rasane gir ein fin variasjon i kuflokken, både i utsjånad og personlegdom.

Hausten 2025 flytta kyrne inn i eit heilt nytt og moderne lausdriftsfjøs. Her kan dei bevege seg fritt, ete og kvile når dei sjølve ønskjer det. Fjøset har gode liggjebåsar med vassmadrasser, og vi har lagt stor vekt på dyrevelferd og trivsel.

For oss er det viktig at dyra har det godt. God dyrevelferd er grunnlaget for både god mjølk og ei framtidsretta gardsdrift.

Mjølka frå kyrne blir pasteurisert og tappa på glasflasker i gardsmeieriet.

01

Lausdrift

Kyrne går fritt inne i fjøset.

02

Mjølkerobot

Kyrne blir mjølka når dei sjølve vil.

03

Kalving heile året

Ikkje berre om hausten.

Bilete

Kalvar og fjøs

Seter

Inner Gammelsetra – levande setertradisjonar

Kvar sommar sender vi nokre av kyrne våre til Inner Gammelsetra, der dei får vere ein del av den tradisjonelle seterdrifta.

Setra høyrer til Svisdal gard, men blir driven av ei eiga stifting. Det spesielle med Inner Gammelsetra er at det er ungdommar som står for den daglege drifta. Slik får unge menneske lære om setertradisjonar, dyrestell og matproduksjon, samtidig som viktig kunnskap blir ført vidare til nye generasjonar.

Vi er stolte av å vere ein del av dette arbeidet og bidra til at setertradisjonane framleis lever.

Seter

Kyrne på seter

Svisdal Gard har kyrne sine på Inner Gammelsetra, og nokre av kyrne blir brukte til setedrift der.