Fjellsau
Kjøt frå ung sau som har beita i fjellet gjennom sommaren. Skiver av lår og nakke som eignar seg godt til fårikål, gryter og langtidssteiking.
Under arbeid Nettbutikken er mellombels under arbeid. Du kan sjå produkta, men ikkje bestille enno.
Fjellsau – kjøtt av ung sau
Kvifor skal me berre ete lam når kjøtt frå ung sau er minst like godt?
Dette var noko av tanken bak Fjellsau. Me ønskte å ta vare på ein ressurs som ofte får mindre merksemd enn lammekjøttet, og vise kor godt kjøtt frå ung sau faktisk kan vere.
Sauene me har valt ut til Fjellsau, er unge sauer som skulle ut av avlen. I staden for at kjøttet berre skulle gå inn i den vanlege kjøttproduksjonen, ønskte me å foredle og selje det sjølve, slik at fleire kan få oppleve kor godt kjøtt frå ung sau er.
Sauene har beita i Grødalen, der dei har hatt tilgang på store utmarksområde gjennom sommaren. Kjøttet har så å seie den same gode smaken som lam, men med meir kjøtt på beina.
Me tilbyr skiver av lår og nakke, som passar godt til fårikål, gryter og langtidssteiking. Dei store kjøttstykka gir deg også moglegheit til å dele opp kjøttet slik det passar til retten du skal lage.
Med Fjellsau ønskjer me å vise at godt sauekjøtt fortener ein større plass på middagsbordet.
