
Dyra på Svisdal
Sauen
Sauene våre er fjellsau. Dei går på beite i Grødalen og Svisdal i Sunndalsfjella heile sommaren og kjem heim til garden om hausten. Det er dei kjøtet og skinna våre kjem frå.
ca. 140
søyer
Grødalen og Svisdal
sommarbeite
Norsk kvit sau
hovudrasen (NKS)
Sauene våre
Frå fjellbeite til Fjellsau
I tillegg til kyrne har vi sauer som kvar sommar beitar i Grødalen, omgitt av fjell og frodige beiteområde. Dei beitar i eit nasjonalt landskapsvernområde og på grensa til Dovrefjell–Sunndalsfjella nasjonalpark.
Dei fleste sauene våre er av rasen Norsk kvit sau (NKS), men vi har også ein del fargespel.
Utmarksbeite er ein viktig del av drifta vår. Sauene nyttar vegetasjon i område som elles ikkje kunne vore brukte til vanleg matproduksjon. Samtidig bidreg beitinga til å halde kulturlandskapet ope og levande.
Kjøt frå ung sau
Vi har valt å satse på kjøt frå ung sau. Dette er dyr som ikkje skal vere med vidare i avlen, og som derfor uansett skal slaktast. I staden for at kjøtet berre skal gå inn i den vanlege kjøtproduksjonen, ønskjer vi å foredle og selje det sjølve, slik at denne gode råvara får den merksemda ho fortener.
Kjøt frå ung sau har mykje av den same milde og gode smaken som lammekjøt, men gjerne meir kjøt på beina. Det er ei allsidig råvare som passar til langt meir enn tradisjonell fårikål. Vi sel skiver av lår og nakke som eignar seg godt til både fårikål, smakfulle gryter og langtidssteiking i omn.
Vi lagar også tradisjonelt pinnekjøt, som berre blir salta og tørka, utan andre tilsetjingar.
Fjellsau
Under namnet Fjellsau sel vi kjøt frå våre eigne sauer som har beita i fjellet gjennom sommaren. Dette er sesongprodukt som blir tilgjengelege i avgrensa mengder.
Med Fjellsau ønskjer vi å vise at kjøt frå ung sau er ein verdifull matressurs som fortener ein større plass på norske middagsbord.

Øyremerke
Øyremerke og radiobjelle
Alle sauene våre har eitt gult og eitt grønt øyremerke. Merka har sauen sitt eige nummer og garden sitt nummer, så vi veit kven kvar sau er og kvar han høyrer heime, òg når han går saman med andre flokkar på fjellet.
1

Gult merke
Sit i det eine øyret, med sauen sitt nummer og garden sitt nummer.
2

Grønt merke
Sit i det andre øyret, med same nummer. Sauen er framleis merkt om det eine fell ut.
3

Radiobjelle
Radiobjelle frå Telespor i halsbandet. Viser kvar sauen er på fjellet, så vi finn flokken att under sanking.
Ser du ei sau med gult og grønt merke i Grødalen eller Svisdal, er ho sannsynlegvis vår.
Lamming
Lam i fjøset og på beite




Året med sauen
Frå lamming til slakt
April–mai
Lamming
Lamma blir fødde i fjøset. Dei fleste søyene får to lam.
Juni
Slipp
Søyer og lam blir sleppte på fjellbeite i Grødalen.
Sommaren
På fjellet
Sauene går fritt i Sunndalsfjella og beiter gras og urter.
September
Sanking
Vi hentar sauene ned frå fjellet, ofte over fleire helgar.
Oktober
Slakt
Mesteparten går til Nortura på Malvik. Fjellsau blir foredla hos Øre Vilt på Nordmøre.
Vinter
I fjøset
Søyene går inne på høy frå eigne enger.
Sunndal Beitelag
Rovdyr eller skade på beitedyr?
Svisdal Gard er medlem i Sunndal Beitelag. Ser du rovdyr, eller finn du skadde eller drepne beitedyr på fjellet, kan du varsle på sunndalbeitelag.no.
