Vilkår
Salsvilkår
Vilkår for kjøp i nettbutikken til Svisdal Gard.
1. Seljar
Svisdal Gard, org.nr. 921 988 419
Fjellgardsvegen 639, 6613 Gjøra
E-post: svisdalgard@gmail.com · Tlf. 478 17 728
2. Prisar
Alle prisar er oppgitt i norske kroner og inkluderer mva. Det er ingen fraktkostnader, fordi alt blir henta, anten på garden eller på Sunndalsporten.
3. Bestilling og betaling
Når du har sendt bestillinga, får du ei stadfesting på e-post. Du kan betale med Vipps i nettbutikken, eller velje «Betal med kort ved henting» (berre ved henting på garden) og betale på kortautomaten når du hentar bestillinga. Bestillinga er reservert til deg frå ho er send.
4. Henting
Du kan hente bestillinga på garden eller på Sunndalsporten, og vel hentestad i handlekorga. Vi sender SMS når bestillinga er klar.
På garden har vi sjølvbetjent gardsutsal, mellombels i gangen i gamlefjøset. Det er ope heile døgnet, og det står «Gardsutsal» på døra.
På Sunndalsporten ligg eit sjølvbetjent kjøleskap i gangen, der vi har mjølk. Du kan også hente andre produkt her, viss du vel Sunndalsporten som hentestad når du bestiller. Du kan kome mellom 06 og 24, og betale med Vipps. Er du der i butikken sine bemanna opningstider, kan du betale i kassa.
Du kan la ein annan hente for deg viss du gir beskjed i merknadsfeltet i kassa.
5. Angrerett
Fersk mat og kjølevarer som raskt kan bli øydelagde, har ikkje angrerett etter angrerettlova. Dette gjeld fersk mjølk og ferskt kjøt.
For andre varer, som saueskinn og saft, har du 14 dagars angrerett frå du fekk varen. Gi oss beskjed innan fristen, og lever varen tilbake i same stand. Du dekker sjølv kostnaden ved å levere tilbake. Vi refunderer kjøpesummen utan ugrunna opphald, og seinast 14 dagar etter at vi fekk beskjed om at du ville angre.
6. Reklamasjon
Viss varen har ein feil eller ikkje stemmer med det vi har avtalt, har du rett til å reklamere etter forbrukarkjøpslova. Gi oss beskjed så snart du oppdagar feilen, helst innan nokre få dagar for mat og kjølevarer. Du når oss på svisdalgard@gmail.com eller 478 17 728.
7. Personopplysningar
Vi behandlar personopplysningar i tråd med personvernerklæringa.
8. Klager og tvistar
Vi ønskjer å løyse usemje direkte med deg. Kjem vi ikkje til semje, kan du ta saka til Forbrukartilsynet (forbrukertilsynet.no), som kan rettleie og vise vidare til Forbrukarklageutvalet.
