Nettbutikk / Drikke / Fjellmjølk
Drikke

Fjellmjølk

Frå kyr som beiter rundt garden. God til frukost, graut og baking.

Pris
39 kr
Behandling
Lågpasteurisert
Haldbar
2 veker frå tapping
På lager

Under arbeid Nettbutikken er mellombels under arbeid. Du kan sjå produkta, men ikkje bestille enno.

Flaske
1 liter, glas
Om produktet

Fjellmjølk – smaken av fjellet

Fjellmjølk er mjølk slik me sjølve ønskjer å drikke ho. Fersk, fyldig og med den gode, naturlege smaken av mjølk.

Mjølka kjem frå våre eigne kyr på Svisdal gard. Ho blir lågpasteurisert og ikkje homogenisert. Det betyr at me varmar mjølka skånsamt opp, men let feittet vere slik det er frå naturen si side. Difor vil fløyten etter kvart leggje seg som eit lag på toppen av flaska – akkurat slik me meiner det skal vere!

Me tappar mjølka på brune glasflasker på vårt eige gardsmeieri.

Haldbarheita står på flaska. Frå tapping er mjølka haldbar i to veker, men ho er ofte god lenger.

Eit enkelt og naturleg produkt, utan unødvendig behandling. Berre god mjølk frå garden vår.