Pinnekjøt av fjellsau
Tradisjonelt pinnekjøt av fjellsau, berre salta og tørka, utan andre tilsetjingar.
Dei som har meldt interesse får beskjed først. Det er ikkje bindande.
Vi brukar e-postadressa berre til å seie frå om dette produktet, og slettar ho etterpå.
Pinnekjøtt – av ung fjellsau
Me har lenge sakna å kunne kjøpe pinnekjøtt med skikkeleg mykje kjøtt på beina, laga på godt, gammaldags vis. Difor bestemte me oss for å lage vårt eige – akkurat slik me sjølve ønskjer å ha det på julekvelden.
Pinnekjøttet vårt kjem frå ung sau som har beita i Grødalen gjennom sommaren. Det blir foredla hos Øre Vilt på tradisjonelt vis, med salting og tørking. Pinnekjøttet er urøykt og inneheld berre kjøtt og salt, utan andre tilsetjingsstoff.
Sidan pinnekjøttet ikkje er vakuumpakka, blir det frose ned for å sikre god haldbarheit.
Resultatet er eit kjøttfullt pinnekjøtt med god, tradisjonell smak. Ekte julemat frå vår eigen gard, laga slik me meiner pinnekjøtt skal vere.
