Nettbutikk / Drikke / Rabarbrasaft
Drikke

Rabarbrasaft

Laga av pressa rabarbra og sukker. Bland med vatn, eller bruk i dessert.

Pris
160 kr
Innhald
Rabarbra og sukker
Haldbar
Ut juni 2027
Utselt

Legg att e-post, så seier vi frå når salet opnar.

Vi brukar e-postadressa berre til å seie frå om dette produktet, og slettar ho etterpå.

Flaske
75 cl, glas
Om produktet

Rabarbrasaft – smaken av sommaren

I fjellgardane finn me store, gamle rabarbraplanter som har vakse og trivst her gjennom generasjonar. Desse frodige plantene gir rikeleg med rabarbra, og me ønskte å ta vare på denne ressursen og lage noko godt av han.

Med berre pressa rabarbra og sukker lagar me ei frisk og syrleg saft med den gode, karakteristiske smaken av rabarbra. Safta kan blandast ut med vatn eller nytast akkurat som ho er, alt etter kor kraftig smak du ønskjer.

For oss handlar det om å ta vare på det som veks her, og lage gode produkt av enkle råvarer. Ein liten smak av sommaren i fjellgardane!