Heim / Nettbutikk
Nettbutikk
På Svisdal gard lagar me produkt som me sjølve har sakna i butikkhyllene. Produkt me gjerne vil ha på vårt eige kjøkken, og som me kan vere stolte av å tilby andre.
Me trur på gode råvarer, enkle ingrediensar og å ta vare på ressursane me har rundt oss. Det handlar ikkje om å produsere mest mogleg, men om å lage noko skikkeleg godt, med omtanke for både dyra, naturen og maten.
Under arbeid Nettbutikken er mellombels under arbeid. Du kan sjå produkta, men ikkje bestille enno.
Frå beitet · kjøt og skinn
Frå fjøset og hagen · drikke
Utsalsstadar
Her kan du hente og kjøpe
Gardsutsalet på Svisdal
Vi har sjølvbetjent gardsutsal på garden. Mellombels ligg det i gangen i gamlefjøset.
Det er ope heile døgnet. Det står «Gardsutsal» på døra.
Sunndalsporten
Kjøleskapet står i gangen på Sunndalsporten og er sjølvbetjent. Der har vi mjølk, og vel du Sunndalsporten som hentestad når du bestiller, kan du hente andre produkt her òg.
Du kan kome når som helst mellom 06 og 24, og betale med Vipps. Er du innom i butikken sine bemanna opningstider, kan du i staden betale i kassa.
